// Historia om Holen Sand og Grustak A.S

Oppdatert: 12.05.11 av HSG

The first collection was introduced in March 1983 at an initial price range comparable to those of Seiko and Citizen's watch collections, but it was the first such watch developed and manufactured rolex replica watches in Switzerland. Helped by an aggressive marketing campaign, sales were huge, and overcame the targets of swiss replica watches one million pieces for 1983 and 2.5 million the next year. Nicolas G. Hayek, with a group of replica watches uk Swiss investors, bought Swatch in 1985 and used it as the foundation of what is now known as the Swatch Group. Because of replica watches the Swatch watch's success, the whole Swiss industry took advantage of its creation. The renewal of many brands, and the birth of our favorite independent watchmakers, are partially due to the Swatch. It may be a simple and cheap plastic timepiece but it proved to be a historically important one.

I 1951 flytta Karl Holen med familie inn på farsgarden. Garden var liten og med gamle hus, men han visste at der var sand i bakkane og tenkte på sandtak som attåtnæring. Han kjøpte ein 1938-modell Fargo lastebil av samvirkelaget. Lastebilen hadde gått med knottgenerator i ålesund under krigen og var i dårleg forfatning. Ein måtte lesse med spade, men heldigvis hadde bilen tipp.

I 1959 vart det kjøpt ein nyare Ford lastebil og Fargoen vart seld. I 1960 vart det anskaffa traktor med lesseapparat. Det vart ein revolusjon å sleppe å lesse for hand. I 1965 vart Forden seld og ny Bedford vart kjøpt. Ein brukt beltelastar vart kjøpt, Internasjonal. I mellomtida, ca 1955, vart det starta opp med mursteinsproduksjon. Maskinene var laga av den lokale smeden. Mursteinmaskina hadde mekanisk vibrator som då var ganske revolusjonerande.

I 1967 vart det kjøpt ein lastebil til, Volvo Viking, og traktoren vart erstatta av hjullastar. Samtidig vart eit mobilt steinknuseverk kjøpt brukt frå Sverige. Dette for å få produsere singel og veggrus. I 1970 flytta sonen, Gunnar Holen, heimatt og gjekk inn i drifta av sand- og grustaket.

Bilde - Historie

Mursteinsproduksjonen var no nedlagt for å konsentrere seg om større produksjon av spesiell veggrus som då vart lasta på båtar. I 1970 vart det kjøpt ny Volvo F-85 og Bedforden vart seld. I 1972 vart det kjøpt eit større brukt pukkverk frå Sverige og det gamle vart seld. Dette krevde ein større hjullastar og ein Catepillar 922 vart kjøpt. Ein Volvo N-86lastebil til vart også kjøpt. I 1974 vart første lastebil med boggi, Volvo N-10, kjøpt. Volvo F-85 vart seld. Større hjullastar vart også kjøpt, ein Cat 950. Eit Powerscreen sikteapparat for å lage sikta mur- og pussesand vart anskaffa. Ein hjullastar til å lesse på bilane, ein Cat 920, vart og innkjøpt.

I 1974 vart det satsa på stort pukkverk som kunne produsere fleire sorteringar, noko det var etterspørsel etter. Dette kravde større hjullastar, og ein Cat 980B vart kjøpt inn. Det vart også kjøpt ein brukt boggibil, Volvo N-88, for å korte ned lastetida på båtane.

I 1980 vart det kjøpt ny Volvo lastebil med trippel boggi. Ny hjullastar, Cat 980C og ny 930, som vart erstata av en cat 936 i 1984. Det vart og kjøpt ei brukt gravemaskin, ein Brøyt X20T i løpet av 80 åra. I 1985 var den første Scania lastebilen kjøpt, det var ein 112T. I 1985 vart det bygd ny kombinert garasje/verkstad og kontor. I 1988 kom det enda ein ny Scania ein to aksla M92 og ein ny Cat 980C hjullastar.

I 1990-åra vart knuseverket fornya med ny konknusar og nytt større sikt. Fleire nye maskiner kom også til: ein ny lastebil, Scania 143T. De vart invistert i to tipp hengera og ein maskihenger for å flytte gravemaskiner og anna utstyr. Ein Cat 938F hjullastar kom også.

Frå 2005 vart det slutt på lasting på båtar og drifta vart lagt om med meir entrepenørarbeid. Vi har no fire gravemaskiner, fire lastebilar, ein tipphengar, ein maskinhengar, to hjullastarar, borerigg og pukkverk. Forkomsten minkar, og vi driv meir på fjell. Vi får meir igjen for kvar m3 vi sel på denne måten.

I 1987 var det eit generasjonsskifte i firmaet. Karl Holen var no 70 år og gjekk ut av firmaet. Han overlet sin andel til sonesonen, Kjell Otto Holen. Samtidig vart firmaet omdanna til aksjeselskap. Kjell Otto Holen er i dag dagleg leiar og Gunnar Holen er arbeidande styreformann. Firmaet har i åra 2008 og 2009 hatt AAA i økonomisk reating.